skeie industridesign


startTenesterProsessProsjektOmKontaktNyhende
MicroStation logo
Bentley MicroStation V8i - Select Series 2
I
bruk sidan 1991
MicroStation
er eit 3D CAD system med svært stor fleksibilitet, høg presisjon og utmerka brukarvenlegheit. Det er spesielt bra til å handtera store og komplekse samenstillingar. Det har alltid hatt gode verktøy for å generera raytracings inne i 3D arbeidsområdet. Med den siste inkluderinga av Luxology raytracer er dette 3D programmet betre enn nokon gong.

Filformat: *.DGN/*.DWG/*.DXF
Eksport-/importformat: *.IGES/*.STEP/*.3DS/*.STL/*.PARASOLIDS ++
3D CAD modellering
(3-Dimensional Computer Aided Design)
Alle prosjekt sidan 1990 har vortne utførde ved hjelp av 3D CAD programvare. 3D modellering vert nytta til å evaluera og definera forma på produktet, til å laga prototypar og modellar og som underlag til produksjonsverktøy. I designprosessen er 3D CAD eit viktig verktøy for å skapa og evaluera pakkestudier, formkonsept, proporsjonar, detaljar, fargekombinasjonar, sammenføyningar etc. 3D modellane vert gjennom hele designprosessen nytta til å laga bilete, illustrasjonar og presentasjonar for diskusjonar, evalueringar og for å ta avgjerder.
Fylgjande 3D CAD programvare vert nytta:
SolidWorks logo

Dassault Systems SolidWorks Professional 2011 SP 2.0
I bruk sidan 2006
SolidWorks er ein mykje brukt programvare innan mekanisk design. Solid modellering i kombinasjon med avanserte verktøy for flatemodellering gjer dette systemet ypperlig eigna for bruk innan industridesign. Har ogso Luxology raytracer innebygd.

Filformat: *.SLDPRT/*.SLDASM/*.SLDDRW
Eksport-/importformat: *.IGES/*.STEP/*.VDAFS/*.DXF/*.STL/ *.PARASOLIDS ++

Alias logo

Alias Studio v.12
I bruk sidan 1999
Alias Studio er eit verktøy for avansert 3D-flatemodellering.
Særleg kjent og brukt innan bildesign og industridesign for modellering av flater med kompleks geometri med høge krav til kvalitet og finish. Alias har utmerka 2D- skisseverktøy som ogso kan nyttast i 3D.

Filformat: *.WIRE
Eksport-/importformat: *.IGES/*.STEP/*.VDAFS/*.DXF/*.STL/*.IV ++

Rhinoceros logo

McNeel Rhinoceros v.4.0 SR8
I bruk sidan 1997
Rhino er
eit NURBS-flatemodelleringsverktøy veleigna til konseptstudier, datautveksling, 3D-digitalisering i tillegg til flatemodellering.

Filformat: *.3DM
Eksport-/importformat: *.IGES/*.STEP/*.3DS/*.DGN/*.DXF/*.STL ++

NexGenErgonomics logo
NexGenErgonomics HumanCAD ManneQuin Pro v. 10.2
I bruk sidan 1993
ManneQuinn er ein programvare for generering og manipulering av 3D menneskekroppar for bruk i ergonomistudiar. 10 nasjonalitetar, 3 kroppstypar og ei rekkje percentilar kan genererast. Både mannlege og kvinnelege modellar og ogso born frå 3 til 12 år er inkludert. Dei ulike lemmene kan bevegast med verkelege avgrensingar. Synsfelt, rekkevidder og styrke i arm og beinar i ulike positurar kan utreknast. Modellane kan eksporterast til andre CAD-system og nyttast til pakkestudiar, visualisering etc.

Filformat: *.MQP
Eksport-/importformat: *.DXF/*.3DS
Catalyst logo

Stratasys Dimension Catalyst EX v.4.0.1
I bruk sidan 2007
Catalyst er eit spesialprogram for analysering av *.STL filer og preparering av desse for å laga maskineringsmønster nytta ved prototypebygging. Det reknar ut ulike byggjetider og materialforbruk avhengig av korleis 3D modellen vert plassert i prototypemaskina.

Filformat: *.CMB
Eksport-/importformat: *.STL

Andre dagaprogram som vert nytta:

Adobe Photoshop, Illustrator, Dreamweaver, Flash etc
. vert brukt til 2D grafisk arbeid, skissing, fotobearbeiding, presentasjonar, illustrasjonar og til produksjon av heimesider.
DAZ Studio er eit 3D verktøy for genering av realistiske 3D modellar av menneske, dyr etc som kan takast inn i andre 3D program.
ArchVision RPC modellar vert brukt for å implementera 2D/3D bilete av menneske, tre, plantar, bilar etc. når ein lager bilete og illustrasjonar av 3D modellar.
Dosch Design leverer ferdige 3D modellar av bilar, objekt, omgjevnader, bakgrunnsbilete etc. som vert nytta i illustrasjonar og raytracings.

Trademarks