skeie industridesign
English
Norsk
Nynorsk


No flash
startTenesterProsessProsjektOmKontaktNyhende

Eit lite, men grundig og effektivt designkontor
Skeie Industridesign er eit designfirma eigd og leia av Stig Olav Skeie, industridesigner MNID og bil-/motoringeniør.
Skeie Industridesign tilbyr tenester innan industridesign, designleiing, produktutvikling og modellbyggjing. Stig Olav Skeie er ein industridesigner med lang og brei røynsle innan både transport- og produktdesign, med særskilt ekspertise frå store og komplekse prosjekt.

Alle prosjekt vert gjennomførde med basis i effektiv bruk av 3D CAD verktøy frå konseptfase til produksjon. Brukaren er alltid i hovedfokus i designprosessen. I kombinasjon med vid kunnskap innan produksjonsprosessar, materialer, ergonomi og miljøomsyn, og ein iver etter å utvikla funksjonelle, estetiske og innovative løysingar, er målet alltid å designe det optimale produkt innan dei gjevne tids- og kostnadsrammene.

Stig Olav Skeie har stor røynsle i å leia og samarbeida med internasjonale team av designerar, ingeniørar, 3D modellørar, modellbyggjarar etc. Avhengig av type prosjekt arbeider eg sjølvstendig eller i samarbeid med oppdragsgjever sitt eige prosjektteam (representert ved forskning- og utvikling, leiing, salg, marketing, produksjon m.m.). For selskap utan eige utviklingsteam kan eg hjelpa til i heile produktutviklingsprosessen. Etter behov kan også mitt nettverk av eksterne designerar, ingeniørar og modellbyggjarar nyttast i prosjekta.

Skeie Industridesign har kontor
i
Sjøparken Larvik i Stavern. Ein
næringspark for bl.a etablerar-
og gründerverksemder.
Den ligg 1
30km sørvest
for Oslo. Sjå meir under
kart sidene.


Agnes
Agnes