1
Historia frå 1989 og til i dag
Skeie Industridesign vart etablert av Stig Olav Skeie i juni 1989 og har arbeidd for mange kundar i ei rekkje ulike prosjekt, alt fra små sko til store busser. Elektroniske produkt og produkt for profesjonelle brukarar utgjorde ein stor del av verksemda dei fyrste åra. I tillegg til eigne kundar, arbeidde Skeie Industridesign fra 1989 til 1992 for Sigrid Eckhoff Industrial Design med ein del større prosjekt. Ei bærbar billettmaskin, avfallsbeholderar for bensinstasjonar, ein mikrofon, postkasser og ei rekkje sko vart designa saman med henne. I 1993 vart Stig Olav Skeie tilsett som Designsjef hjå elbil-produsenten PIVCO AS. Etter å ha utvikla 4 generasjonar elektriske kjøyretøy, vart PIVCO overteken av Ford Motor Company i januar 1999. Firmaet endra navn til Think Nordic AS og eit år senere stifta Ford Think Group, Think Technology og Think Mobility lokalisert i USA og England, og etterkvart i deler av Europa. Serieproduksjonen av TH!NK city starta i 1999. Design og utvikling av neste generasjon TH!NK city starta alt sommaren 1999. Dei fyrste 15 månadane med prosjektsenter utanfor Fords engelske hovedkontor i Dunton, før dette vart flytta til Noreg. Den nye TH!NK city vart lansert under dei internasjonale bilutstillingane i Los Angeles og Detroit i januar 2002. Forserieproduksjonen var nesten fullført då Ford vedtok å trekkja seg ut av elbilproduksjon for å fokusere på hybrid- og hydrogenbilar. Ford solgte Think Nordic til Kamcorp Microelectronics i slutten av januar 2003. Å ha arbeidd i eit stort globalt konsern som Ford ga ei unik og uvurderlig erfaring gjennom dei 4 åra dei eigde og dreiv Think. Dei neste 3 åra heldt eg fram som Designsjef og var involvert i designet av TH!NK open, ei kabriolet-utgåve basert på den nye TH!NK city, i utviklinga av det nye bilkonseptet TH!NK public, i eit monorail-prosjekt, i design av ein bybuss med elektrisk drift på 16 hjul og inein mindre 1+1 seters elbil. Etter finansielle problemer vart Kamcorp nødt til å slå Think Nordic konkurs i 2006. Frå våren 2006 har Skeie Industridesign vorte drive på fulltid med oppdrag frå nye kundar, men ogso for det re-etablerte Think Global AS. Her deltok eg bl.a. i relanseringa av TH!NK city og i utviklinga av konseptbilen TH!NK Ox som vart lansert under den internasjonale bilutstillinga i Geneve 2008. Frå mai 2008 vart eg ansatt på fulltid i den nyoppretta designavdelinga. Etter finansielle problemer gjennom 2009, vart selskapet re-strukturert, designavdelingen vart bl.a. lagt ned og produksjonen flytta frå Aurskog til Finland Fra 2010 er Skeie Industridesign aktiv i utvikling av nye designkonsept, men tar og konsulentoppdrag. Dersom ditt firma ynskjer ein nærare presentasjon av mine prosjekterfaringar, kvalifikasjonar og tenester, ver venleg å ta kontakt for eit uforpliktande møte hjå dykk eller på kontoret her i Stavern. 1989
1993
1999
2002
2003
2006
2010
|