Design med fokus på bærekraftig utvikling
Å utvikla nye produkt er ei utfording med eit stort ansvar. Som industridesigner er eg klar over mi rolle og prøver etter beste evne å redusera det globale fotavtrykket mest mogleg når eg designer nye produkt. I alle design- og utviklingsprogram må ein spørja seg: Er det verkeleg trong for ein ny versjon av dette produktet? Dersom det ikkje er nokre forbetringar eller innovasjonar utanom ei ny form, bør svaret væra nei. Å teikna tidlause produkt med lang levetid bør alltid vera målsetjinga.
.