skeie industridesign


startTenesterProsessProsjektOmKontaktNyhende
Øyafestivalen
TH!NK public nytta under Øyafestivalen
2005.08.15
Ein prototype av TH!NK public vart brukt til å frakta artistar rundt på Øyafestivalen som vart arrangert i helga. Den Oslo-baserte musikkfestivalen har ein bevisst miljøprofil og har nytta fleire TH!NK city elbilar i år og tidllegere under planlegginga av festivalen.
Foresight 2020 report
Foresight 2020 - Avanserte materialer - rapporten er no klar
2005.11.17
Norges forskningsråd kunngjorde at den endelege rapporten frå foresight-studien "Avanserte materialer Norge 2020" er klar . Rapporten kan tingast her: www.forskningsradet.no eller lastast ned her.
Stig Olav Skeie var bidragsytar og deltok på dei 4 arbeidssamlingane som vart haldne i løpet av vinteren 2004/05.
TH!NK public poster images
TH!NK public poster bilete
2005.08.01
Thinks interiørdesigner Katinka von der Lippe tok nokre fine fotografi av TH!NK public i sommar. Bileta er nytta på store plakatar på Thinks kontor i Oslo og på Aurskog. Du kan sjå nokre av bileta her.
TH!NK webpage
Ny Think hjemmeside publisert
2005.04.15
Think Nordic AS ha
r oppdatert si heimeside. Design og layout ved Stig Olav Skeie. S www.think.no
DogA Extreme North Exhibition
Extreme North utstilling på DogA
2005.02.03
Utstillinga Extreme North opnar i dag . Det er det fyrste større samarbeidsprosjektet mellom Norsk Form og Norsk Designråd i deira nye felles lokaler. Utstillinga markerer også opningen av Norsk senter for design og arkitektur,kalt DogA. The norske ordtaket "det fins ikkje dårlig ver, kun dårlige klær " utgjer basis for temaet Extreme North. Utstillinga viser norsk design og arkitektur som har vorte spesielt designa for vårt klima. Stig Olav Skeie er representert med TH!NK public og TH!NK city. Utstillinga vil verta vist rundt omkring i verda i 2005/2006. Neste stopp etter Oslo vert i Japan.
Foresight 202 advanced materials
Foresight 2020 - avanserte materialer
2004.10.22
Norges forskningsråd har invitert ei gruppe på 60-70 fagpersonar frå ulike forsknings- og utviklingsmiljø for å utføra ein foresight-studie kalla Avanserte materialer Norge 2020. Stig Olav Skeie er ein av fire industri-l designerar som er invitert. Fire arbeidssamlingar vil verta haldne mellom 27. oktober 2004 og 26. januar 2005. For meir informasjon gå inn på: www.forskningsradet.no eller www.forskningsradet.no/material2020
IFID 20 years
Institutt for industridesign feirar 20 år
2004.05.04
Institutt for industridesign ved Arkitekt- og designhøgskolen i Oslo, AHO, feirar sine 20 år med ein utstilling av arbeid frå utdanna studenter gjennom eisse åra. Stig Olav Skeie (diplom 1989) og Katinka von der Lippe (diplom 1996) er representert med den elektriske bilen TH!NK open som nylig vart lansert. For meir informasjon sjå: www.aho.no
.
Ele-Drive 2004 Estoril Portugal
TH!NK public og TH!NK open lansert i Portugal
2004.03.17-20
Think
lanserte den nye TH!NK public og kabrioletutgaven av TH!NK city kalt TH!NK open under konferansen og utstillingen "Urban Sustainable Mobility is possible now!" Arrangementet tok plass i Estoril utenfor Lisboa. TH!NK city med nytt drivsystem fra Frazer-Nash er for første gang stilt ut og blir brukt til demonstrasjonskjøring. Det var og mulig å prøvekjøre TH!NK open. For mer informasjon se www.avere.org.
GRIP Glassbjørnen
Think mottok miljøprisen Glassbjørnen
2003.06.05
Ikveld vart Think tildelt miljøprisen Glassbjørnen 2003 i klassen Økodesign av organisasjonen GRIP (Grønt i praksis). Stig Olav Skeie representerte Think og tok i mot prisen. Det var fyrste gong prisutdelinga vart arrangert og 60 verksemder var nominert i 4 kategoriar. Dei to andre finalistane i klassen Økodesign var Stokke AS med Tripp Trapp og The Pure Water Co. AS med PURE! vannsystem.
Think Nordic solgt til Kamkorp Microelectronics
2003.01.31
Ford Motor Company selde i dag Think Nordic AS til Kamkorp Microelectronics GmbH basert i Sveits. Think Nordic vil fortsetja som under Fords eigarskap med fabrikk på Aurskog og utviklingsavdeling m.m. i Oslo.

Award for Design Excellense
Think city tildelt Merket for God Design
2002.11.28
Think Nordic mottok Merket for God Design av Norsk Designråd for TH!NK city. Bilen er designa av Stig Olav Skeie (designsjef/eksteriør) og Katinka von der Lippe (interiør). Utdrag frå juryens grunngjeving:
Eksteriøret er også mye mer bearbeidet, og matcher de etablerte produsentenes designstandard. Bilen har enkelte raffinerte detaljer (som blinklys over hjulene og forbedret overflatefinish) som oppleves som direkte nyskapende. De miljømessige kvalitetene er fortsatt et vesentlig argument". Les meir på Norsk Designråd si heimeside.
1000th TH!NK city
Think city nummer 1.000 produsert
2002.03.20
I dag vart TH!NK city (A266) nr. 1.000 produsert. Ein liten markering vart halden på fabrikken på Aurskog for å feira denne milepælen. Det vil verta montert fem til av den fyrste generasjonen TH!NK city før produksjonslinja vert bygd om og klargjort for den nye modellen. Produksjonen av TH!NK city (A306) er planlagd å starta i mai.
Detroit NAIAS 2002
Think city presentert i Detroit
2002.01.06
Den internasjonale bilutstillinga i Detroit, NAIAS,
opna i dag for pressa. Ford Motor Company stiller her ut den nye TH!NK city (A306) TH!NK-standen
Los Angeles Auto Show 2002
Think city lansert på bilutstillinga i Los Angeles
2002.01.04
Ford Motor Company lanserte i dag den nye TH!NK city (kodenavn A306) på "the Greater Los Angeles Motor Show". Ein bil vil vera utstilt her og ein annen vil verta i Detroit vist under bilmessen NAIAS 2002 (North American International Auto Show) som opnar 6. januar.
Think Group
Ford etablerer Think Group
2000.01.06
Eit år etter at Ford Motor Company tok over Think Nordic, annonserte dei i dag etableringa av Think Group. Dette skjedde unden den internasjonale bilutstillinga i Detroit; NAIAS 2000. Think Group vil inkludera alle Fords aktiviteter innan miljøvennlege bilar. Det vil seia at Fords Alternative Fuel Division no vil verta ein del av Think Group som er sett saman av Think Mobility, Think Technology og Think Nordic. Sjå meir på www.thinkmobility.com eller www.thinkev.com.
Thinkaboutlondon
Think@bout London lansert
2001.09.15
For fire dagar sidan, 11. september, lanserte Think Mobility det miljøvennlege mobilitetskonseptet Think@about London. Det vart opna av Londons ordførar Ken Livingstone. Fleire kjente britiske selskap er partnarar og vil nytta bilane det neste halvanna året, bl.a.: BBC, The Body Shop, British Telecom, Celebrity Media Group, Capital City Chauffers, Faber Maunsell Group, Future Forests, J Sainsbury, Onyx Environmental Group, Organic Express, RAC, Transport for London Street Management og Westbourne Studios.
Think@boutEdinburgh
Think@bout Edinburgh lansert
2002.06.25
Think@boutEdinburgh vart lansert i dag. Edinburgh er den neste byen som fylgjer etter London med eit miljøvennleg mobilitetsprogram. Interessa for å leiga miljøvennlege TH!NK city for dei neste 18 månadene var stor og fylgjande selskap vart valde ut for å delta i fyrste runde: City Couriers, Camerons, Caledonian Brewery, Radio Forth, Royal Bank of Scotland, Castle Rock Housing Association, Ryden, University of Edinburgh og the City of Edinburg Council.
Imagetext
Next
Next