skeie industridesign


startTenesterProsessProsjektOmKontaktNyhende
Swims Ballerina
Swims Ballerina introdusert
2007.09.15
Etter suksessen med Swims Classic kalosjene for menn, vart det i dag lansert ein ny kalosj for kvinner. Dei er designa av Stig Olav Skeie med støtte frå Swims-gründar Johan Ringdal. Tradisjonelt har det ikkje vore mange kalosjar tilgjengelege for kvinner, men dette er no endra. Swims Ballerina er tilgjengeleg i 5 fargar: Liquorice (svart), Chocolate (mørk brun), Pearl (lys grå), Lemon (lys gul) og Bubble Gum (rosa). For fleire detaljar sjå under >Swims Ballerina sidene.
bil07
Utstillinga Bil 07 er opna
2007.11.08
Den nye TH!NK city er for fyrste gong sidan relanseringa stilt ut på ei større bilmesse. Utstillinga "Bil 07" opna i går på Norges Varemesse på Lillestrøm. Den vil vera open fram til 11. november. Sjå nokre av mine bilete frå utstillingen her
.
Swims Classic XXL comparison

Swims Classic er no tilgjengeleg i storleik XXL
2007.09.01
Swims Classic kalsojen kan no leverast i storleik XXL i tillegg til X-Large, Large og Medium. Skeie Industridesign har levert design og 3D produksjonsunderlag til den oppskalerte XXL storleiken. Den vil passa til sko i storleik 45-47.

Award for Design Excellence
Swims kalosjer mottok Merket for God Design 2007
2007.03.15
Under Designdagen 2007 vart Swims Classic tildelt Merket for God Design frå Norsk Designråd. Designa av Stig Olav Skeie og Johan Ringdal. Utdrag fra juryens kjennelse: "Swims har tatt for seg et konservativt og utdøende produkt og tilført nye tanker. Moderne design og bruk av farger har gitt nytt liv til denne gamle klassikeren. Fargekombinasjoner og tilbehør er tiltalende og gir produktet et lekent og friskt preg...... Et produkt man blir glad av!
". Les meir på Norsk Designråds heimesider eller på www.swims.com. Bilete av kalosjane finn du under >Swims Classic.
TH!NK city
Think Global relanserer TH!NK city
2007.03.12
Think Global lanserte i dag den siste versjonen av TH!NK city. Eit år etter overtakinga har fleire norske og utanlandske investorer sikra livet til denne unike elbilen. Modellen vart utvikla då Ford Motor Company eigde selskapet. Designa av Stig Olav Skeie (designsjef/eksteriør) og Katinka von der Lippe (interiør). Den vidare utviklinga som no er utført inkluderer bl.a. nye og betre batteri som vil auka køyrelengda med over 100%. Serieproduksjonen startar til hausten. Sjå meir på www.think.no.
Nye telefon- og telefaksnummer
2007.02.02
Skeie Industridesign har fått nye nummer til telefon og telefaks..

Det nye telefonnummeret er: (+47) 3321 0950
og det nye telefaksnummeret er: (+47) 3321 1160
SolidWorks logo
SolidWorks Office Professional 2007 er anskaffet
2007.01.15
For å
gje eit endå betre tilbod til våre ulike kundar, har Skeie Industridesign investert i eit nytt CAD-system; SolidWorks. I den siste versjonen kalla 2007, er nye verktøy for avansert flatemodellering inkludert. Desse er fullt ut integrert med solidmodelleringa og vil auka produktiviteten når ein arbeider med varierande radiekurvatur o.l. SolidWorks ser og fokuserer på kva industridesignerane og ingeniøren trengs og har overtydd meg om at dei vil vera ein verdifull software-leverandør i tida framover.
Oppdatert heimeside
2006.10.12
Endeleg har denne heimesida fått si etterlengta oppdatering. Fleire detaljer om prosjekt eg har vore involvert i vil verta oppdaterte under >prosjekt sidene i løpet av dei neste vekene.
Swims Classic
Nye Swims pressefoto
2006.10.20
I førre veka tok Marius Ektvedt ei rekkje flotte bilete for Swims. Klikk her for å sjå eit utvalg av dei.
Swims Classic
Swims kalosjar er no tilgjengelege igjen
2006.10.04
Swims er no tigjengelig hjå over 30 forhandlarar i Noregs største byar. Utenlands kan du førebels finna dei i utvalde butikkar i Stocholm, Göteborg, Malmö, København, Reykjavik, London, Berlin og Hamburg. Eller du kan bestilla dei via internett. For meir informasjon gå inn på www.swims.com eller sjå på Swims prosjektsidene her
Sjoparken Larvik
Nytt kontor i Stavern
2006.09.01
Skeie Industridesign er no lokalisert i Sjøparken Larvik like utanfor Stavern by. Den gamle bygningen er freda og eit av bygga som vil verta ståande i det gamle industriområdet som vil møta store endringer i tida frametter. Ny adresse er:
Sjøparken Larvik, Bygg 52, 3290 Stavern.

Sjå lokalisering under >kontakt >kart. Postadresse og telefonnummer etc. blir som før.
Planar Xscreen M100
Ny 100" prosjektorskjerm frå Planar Xscreen lansert
2006.08.10
Hundretommars HDTV prosjektorskjermen er den største i ei rekkje av 16:9 format skjermar til heimekinoanlegg. Skeie Industridedsign har designa skjermen og utført detaljkonstruksjonen i samarbeid medutviklingsteamet hjå Xscreen . Se www.planar.com/hometheater og dagens Planar pressemelding .
Think overtatt av norsk investorgruppe
2006.03.29
Ei gruppe norske investorar har teke over Think Nordic To nye selskap er oppretta: Think Global AS og Think Technology AS. Eigargruppa vil i fylgje ei pressemelding: "strive for an international market through partnering and license production, and will evaluate the use of new advanced batteries and fuel cells in the vehicles". For meir informasjon sjå www.think.no.
Think Nordic AS melder oppbud
2006.02.28
Etter store finansielle problem dei siste månadane, valgte Think Nordic å slå seg sjølv konkurs i dag. Etter 4 års eigarskap selde Ford Motor Company Think til sveitsiskregistrerte Kamkorp Microelectronics den 31. januar 2003. Tre år seinare er dette kapittelet i Thinks historie over.
Swims Classic
Swims kalosjer er no lansert
2006.01.15
Swims AS har lansert sine nye og moderne kalosjar som vernar dine favorittsko mot å verta øydelagde av regn, snø og generell slitasje. Dei vil vera tigjengelege i utvalde butikkar i Oslo og Stockholm, og på nett-butikken til Swims. Designa av Stig Olav Skeie i nært samarbeid med Swims-gründaren Johan Ringdal. For meir informasjon sjå >Swims Classic sidene eller gå inn på www.swims.no.
Dimension 3D printer
Dimension FDM 3D-printer installert
2007.11.03
Ein "rapid prototype"3D-printar er no levert og installert. Stratasys Dimension SST 768 er ei maskin som lagar sterke og haldbare modellar i ABS-plast ved hjelp av ein teknikk kalla FDM (Fused Deposition Modelling). Ved å ha ein 3D-printar på kontoret, kan Skeie Industridesign levera 3D-modellar og prototypar svært raskt og under full diskresjon.

3D-printeren vil primært verta brukt i interne prosjekt, men ledig kapasitet vil vera tilgjengeleg for eksterne prosjekt. Få meir informasjon her.
Designdagen Rogaland 2007
Designdagen Rogaland 2007
2007.09.24
I morgon vert "Designdagen Rogaland 2007" halden
i Stavanger. Konferansen er arrangert av Innovasjon Norge. Stig Olav Skeie er ein av foredragshaldarane og vil snakka om korleis design- og miljøtankegang har vore ei viktig drivkraft i utviklinga av elektriske køyretøy dei siste 15 åra. Andre talarar er Gunn Ovesen (Innovasjon Norge), Jan Stavik (Norsk Designråd), Roberto Verganti (Politecnico di Milano/Harvard Business School), Per Ariel Hofstad/Tore Meling/Stein Bjelland (Nuproduction AS), Pål Hjort Berge/Trond Fernblad (Fasett AS) og Svein Gunnar Kjøde (Geriljaworks AS).
Imagetext
Previous
Next
Previous
Next