skeie industridesign


startTenesterProsessProsjektOmKontaktNyhende
EVS 24 Stavanger
Rapport frå EVS 24 i Stavanger
2009.05.15
Den "24th International, Battery, Hybrid and Fuel Cell Electric Vehicle Conference & Symposium" forkorta til EVS, vert arrangert kvart tredje år i Europa. I åra imellom vert den halden i Asia og deretter i Amerika. For fyrste gong vert den arrangert i Noreg, i oljehovudstaden Stavanger. 40 år etter at den fyrst gong vart halden i 1969. Sjå mine bilete frå utstillinga denne veka og testkøyringa her eller besøk www.evs24.org for meir informasjon.
TH!NK city produced in Finland
Produksjonen av TH!NK city er flytta til Valmet i Finland
2009.12.10
I dag vart dei fyrste serieproduserte TH!NK city ferdigbygde på Valmet Automotive sin fabrikk i Uusikaupunki i Finland. Etter ein vanskeleg finansiell periode gjennom 2009 vedtok Think Global å setja bort produksjonen. Ti år etter den offisielle opninga av ny fabrikk på Aurskog, er ein epoke i norsk bilproduksjon er over. Dei fyrste CityBee vart bygde på Aurskog frå 1993. Omlag 130 CityBee vart produsert. I løpet av Ford sitt eigarskap vart meir enn 1.000 av den fyrste TH!NK city produsert. Frå 2007 vart nokre hundre av den nye TH!NK city bygde. Det er å vona at det i løpet av dei neste åra vert produsert tusenvis i Finland!
Electric Car Rally
Elektrisk bilrally i Langangen
2009.05.11
I ettermiddag passerte EVS Viking Rally 2009 Larvik på vegen frå Oslo til Stavanger. Eit bakkeløp vart arrangert som ein post i programmet opp gjennom Korketrekkaren Langangen. Du kan sjå nokre av mine bieter frå arrangementet her.
Giugiaro Frazer-Nash Namir
Rapport frå den 79. internasjonale bilutstillinga i Geneve
200
9.03.02
Geneve-utstillinga viste ogso i år ein del elbilar, men omlag ingen som er i kommersielt salg. Det var ingen store nyhende, ikkje mange interessante konseptbilar, men nokre få interessante nye bilmodellar. Den store overraskinga var konseptbilen Frazer-Nash Namir frå Giugiaro (bildet til venstre). Med ei hybrid drivlinje frå mine tidligare kollegaer frå Frazer-Nash. Sjå fleire bileter av bilen og frå utstilling her.
GeirrTveitt
www.GeirrTveitt.com er oppretta
2009.02.01
Hundreårsmarkeringa for fødselen til komponisten Geirr Tveitt og poeten Olav H. Hauge er no vel overstått. Materialet som har vore samla og publisert på Hauge-Tveitt jubileet 2008 si heimeside er no flytta til Bergen offentlege bibliotek. Nettsidene vil framleise vera tilgjengelege, men vil ikkje lengre verta oppdaterte. Innhaldet eg lagde om Geirr Tveitts diskografi, lydopptak, opusliste m.m. vil framleis verta oppdatert og er i dag flytta til den nyoppretta nettstaden www.GeirrTveitt.com, eit domene eigd av familien Tveitt.
Think med finansielle problemer
2008.12.18
Think Global AS kunngjorde i dag at dei vil starta gjeldsforhandlingar. Sjå Think sine nettsider www.thinkev.com for siste nytt.
Norsk Form
Think mottek "Hedersprisen" frå Norsk Form
2008.11.20

Norsk Form tildelte i kveld Hedersprisen 2008 til Think for sitt langvarige engasjement innan design, utvikling og produksjon av miljøvenlege bilar for framtida. Juryen skriv bl.a. "Ikke minst har Think lykkes designmessig og teknisk med design og produksjon av en banebrytende elbil". Les meir her.
Think City bi-halogen headlamp
Nytt bi-halogen hovedlys for Think
2008.11.10
Serieproduksjonen av den nye TH!NK city starta opp igjen på Aurskog i dag. Dei fyrste bilane vil vera utstyrde med den nyutvikla bi-halogen frontlykta, designa av Stig Olav Skeie i samarbeid med produsenten. Lykta vil vera tilgjengelig som ekstrautstyr, mens H4-lykta vil vera standard. Denne vart re-designet i løpet av 2007 med støtte frå Skeie Industridesign.
Geirr Tveitt biography
Geirr Tveitt biografi lansert på Litteraturhuset i Oslo
2008.10.10
Reidar Storaas vil i dag presentera sin nye biografi om den store norske komponisten Geirr Tveitt. Under lanseringa på Litteraturhuset vil Stig Olav Skeie halda ein kort presentasjon om sin del av boka, diskografien. Lars Klevstrand vil franføre nokre av komponistens songer. På torsdag vil Storaas presentera boka i Bergen og på laurdag i Norheimsund, Hardanger. Her vil eg halda ein lengre presentasjon om innspelingar av komponistens musikk. Geir Botnen vil framføra stykke frå dei Femti Folatonar frå Hardanger. Ver velkomne!
Swims2008
Nye Swims pressefoto
2008.09.30
Marius Ektvedt har nok ein gong teke flotte bilete av Swims kalosjar. Denne gong for 2008/2009 katalogen. Du kan sjå fleire av fotografiea på >Swims Classic
sidene og på >Swims Ballerina sidene.
Geirr Tveitt discography
Geirr Tveitt heimeside lansert
2008.05.08
I dag vart diskografien over innspelingar av komponisten Geirr Tveitt lanserte på Hauge-Tveitt jubileet 2008 sine heimesider www.ht08.no. Eg har i løpet av det siste året vore engasjert av jubileums-selskapet for hundreårsmarkeringa av poeten Olav H. Hauge og komponisten Geirr Tveitt. Begge var frå Hardanger og vart fødde i 1908.
Mi oppgåve har vore å komplettera diskografien, lytta igjennom alle NRKs lydopptak, gå igjennom notar m.m. og presentere materialet på internett. Sidene vil verta oppdaterte gjennom 2008 med meir innhold.
Stig Olav Skeie arbeider no på fulltid for Think
2008.05.01
Etter å ha arbeidd som designkonsulent for Think dei to siste åra, vil eg fra no av arbeida på fulltid i Thinks utvida designavdeling. Designteamet er samansett av tre industridesignarar, ein prosjektmanager og ein prosjektkoordinator.

Skeie Industridesign vil framleis vera i aktivitet med kontor i Stavern, men vil framover ikkje ha kapasitet til nye kundar.
Think Ox concept car
Think Ox presentert på bilutstillinga i Geneve
2008.03.05
På andre pressedag under den internasjonale bilutstillinga i Geneve, vart konseptbilen TH!NK Ox lansert. Det er ein femdørs familiebil med fem seter som viser korleis ein framtidig TH!NK kan sjå ut. Bilen er designa og bygd av eksterne design- og engineeringfirmaer i samarbeid med Katinka von der Lippe og Stig Olav Skeie som representerte Think. Sjå bilete frå lanseringa og utstillinga her.
Think infotainment concept
Nytt "infotainment" konsept presentert på bilutstillinga i Geneve
2008.03.04
I dag opna den 78. internasjonale bilustillinga i Geneve for pressa. På Thinks stand er to bilar utstyrde med eit nytt infotainment konsept, ein THINK city og ein TH!NK open. Skeie Industridesign har vore engasjert i design og utvikling av konseptet sammen med eit San Francisco basert teknologiselskap og Thinks modellverkstad og designteam.
HumanCAD ManneQuinPRO
Innkjøp av HumanCADs ManneQuinPRO programvare
2008.01.28
I dag vart ManneQuin PRO frå NexGen Ergonomics skaffa. Eg har nytta forgjengeren av dette ergonomiske CAD-programmet sidan 1993/94. Det var DOS-basert då det kom, men er no for lenge sidan utvikla for Windows. Den nye versjonen har fleire funksjoner og eit forbetra brukar-grensesnitt. Det er fleire kroppstypar, percentilar og nasjonalitetar av dei menneskelege 3D-modellane . Ogso skjelettmodellar kan genererast. Les meir på www. nexgenergonomics.com
Imagetext
Previous
Previous
Next
Next